Ny rapport: Erasmus+ funkar for ungdom!

Døve ungdommer frå heile Europa på dramacamp i Hallingdal i 2018. Erasmus+ er særs positivt for ungdom som opplever hindre for deltaking, viser rapporten. Foto: Belinda Stoe

Ein ny rapport frå OsloMet viser at norske deltakarar i Erasmus+ har hatt særs gode opplevingar med programmet dei siste sju åra. Rapporten seier også at deltakinga har gitt godt læringsutbytte, og at satsinga på inkludering fungerer. Vi tar med oss denne kunnskapen, og gler oss til dei neste 7 åra med Erasmus+!

Bufdir er ein del av eit internasjonalt nettverk kalla «Research-based Analysis of Youth in Action» (RAY) som evaluerer effekten av Erasmus+: Aktiv Ungdom-programmet. RAY og Bufdir samarbeider om å samle inn data som seier noko om programmet fungerer etter formålet, særleg når det gjeld sosial inkludering og oppmoding til auka deltaking i samfunnet. OsloMet har no analysert data som RAY har samla inn frå norske brukarar, og resultata viser svart på kvitt det vi har visst lenge: deltakarane er fornøgde med Erasmus+.


Bak tala

Prosjektet har analysert svara frå deltakarar og prosjektleiarar i norskfinansierte Aktiv Ungdom-prosjekt frå tre rundar med spørjeundersøkingar gjennomført i løpet av førre programperiode (2014-2020). Til saman fekk vi inn 1533 svar – frå 236 prosjektleiarar og 1297 deltakarar.

Dei svara på kvifor dei valde å delta, kva dei lærte undervegs i prosjektet, og korleis deltakinga hadde påverka både dei personleg og lokalsamfunnet der aktiviteten skjedde.

Samla sett viser rapporten at Erasmus+: Aktiv Ungdom-programmet har hatt særs positive resultat på ei rekke område for både prosjektleiarane og deltakarane.

Auka sjølvtillit og betre kommunikasjonsevner

Dei aller fleste prosjektleiarane svarar at prosjektet har betra deira evne til å:

  • «kome overeins med menneske som snakkar eit anna språk»
  • «kommunisere med menneske som har ein anna kulturell bakgrunn enn meg sjølv»
  • «forhandle fram felles løysingar»
  • «utvikle ein god idé og gjennomføre den i praksis»

Samstundes rapporterte flesteparten av prosjektleiarane at deltakinga deira i prosjektet hadde auka kompetansen deira fagleg, noko som bidrog positivt i organisasjonen deira. I tillegg meinte halvparten av prosjektleiarane at dei hadde vorte meir engasjert i samfunnet og sette meir pris på kulturelt mangfald enn før dei starta, og dei aller fleste var samde om at prosjekta hadde ein positiv påverknad på lokalsamfunnet.

Rapporten viser også at både prosjektleiarar og deltakarar vurderer læringsutbyttet for ungdom som særs godt. Dei rapporterte at dei hadde utvikla betre evner til samarbeid og kommunikasjon og ein større respekt for andre kulturar. Samstundes hadde dei fått auka sjølvtillit på fleire område. Mellom anna svara over 80 prosent at dei:

  • «er betre til å takle nye situasjonar»
  • «er meir sjølvsikker»
  • «har lært meir om meg sjølv»
  • «kjenner betre til mine styrkar og svakheiter»
  • «er flinkare til å uttrykke tankane og kjenslene mine»

Dei fleste seier også at deltakinga i prosjektet har styrka deira kunnskap, sosiale nettverk, sjølvstende og engasjement i samfunnet.

Bidreg til viktige mål innan ungdomspolitikk

Spesialrådgjevar Erik Langbråten i Erasmus+.

Eit sentralt funn i rapporten er at ungdom som levde i ein marginalisert posisjon eller av ulike grunnar opplever hinder for deltaking, har rapportert om større utbytte av prosjekta enn andre. «Dette tyder på at programmet i enno større grad kan brukast av unge som opplever ekskludering. Bufdir har satsa sterkt på inkludering av deltakere med færre moglegheiter, og dette viser at denne satsinga bør fortsetje», fortel spesialrådgjevar i Erasmus+: Aktiv Ungdom, Erik Langbråten.

Då passar det bra at publiseringa av denne rapporten fell saman med at EU-kommisjonen lanserer sin nye strategi for inkludering og mangfold i Erasmus+ og Solidaritetskorpset. Her finst rettleiing og verktøy deltakarorganisasjonar kan bruke for å sørgje for inkludering og tilgjengelegheit i alle fasar av sine prosjekt.

Langbråten meiner også at funna i rapporten er interessant for alle – frå kommuneleiingar til regjeringsmedlemar. «Vi veit at ein del av våre brukarar har utfordringar med å få forankra verdien av internasjonalt ungdomsarbeid blant leiinga i organisasjonar og kommunar. Denne rapporten viser at ungdomsprosjekt av denne typen ikkje berre er gøy, men også særs nyttig for å oppnå ungdomspolitiske mål. Den viser også at Erasmus+ bidreg til å oppnå nasjonale mål på ungdomsfeltet, og dette dannar noko av bakgrunnen for ei generell positiv vurdering av Norges deltaking i Erasmus+ så langt», seier han.

Han håpar regjeringa tar med seg funna inn i det pågåande arbeidet med strategien for norsk deltaking i Erasmus+ dei kommande sju åra.