Sjekkliste for lokalt ungdomsarbeid – nå på norsk!
Det europeiske charteret for lokalt ungdomsarbeid blei laga for å bidra til vidare utvikling av ungdomsarbeid. Det blei utvikla gjennom ein høyringsprosess der ei lang rekkje aktørar på alle nivå – inkludert regjeringar, kommunar, NGO-ar, ungdomsorganisasjonar og -råd, paraplyorganisasjonar og mange andre frå heile Europa – har vore med.
Charteret kan brukast som ei sjekkliste som ein kan bruke til å drøfte kva tiltak som eventuelt må til for å utvikle ungdomsarbeidet vidare. Målet er å sikre at ingen aspekt eller perspektiv blir utelatne, og at ungdomsarbeidet blir utført så godt og effektivt som mogleg.
Om “Europe Goes Local”
Charteret blei laga innanfor ramma av prosjektet «Europe Goes Local». Det nasjonale kontoret for Erasmus+: Aktiv Ungdom er med i eit stort europeisk, fleirårig prosjekt som heter Europe Goes Local. Intensjonen med prosjektet er å få kommunar til å engasjere seg internasjonalt gjennom Erasmus+: Aktiv Ungdom, og å utvikle ungdomspolitikk og ungdomsarbeid.
Ta kontakt viss du vil ha nokre eksemplar tilsendt.