Slik har det gått med norsk ungdomsarbeid under pandemien

Då skulane, sosiale møteplassar, ungdomsklubbar og fritidstilbod stengde ned, måtte ungdom på mange måtar betale den høgste prisen. Men nedstenginga har også gjort oss kreative, og mange ungdomsarbeidarar har tenkt ut nye måtar å møte ungdom på der dei er. Ein ny rapport viser korleis ungdom, ungdomsarbeid og ungdomskultur vart påverka av endringane pandemien førte med seg – på godt og vondt.

Etter at koronaen har prega det norske samfunnet i over halvtanna år har det meldt seg eit auka behov for å undersøke korleis viruset, nedstenginga  og ulike smittevernstiltak har påverka ungdom sine liv. Bufdir er med i eit internasjonalt nettverk kalla «Research-based Analysis of Youth in Action» (RAY), som mellom anna evaluerer effekten av Erasmus+: Aktiv Ungdom-programmet. Rapporten som no er ute var ein del av forskinga innanfor RAY-nettverket, og formålet var å gi eit overblikk over forsking og tiltak som blir gjennomført på det norske ungdomsfeltet som respons på pandemien, og å gjere case-studiar av tiltak innanfor ungdomsarbeid som har fungert godt. Rapporten er skrive av NOVA på vegner av Bufdir, og er basert på kvalitative intervju med ungdomsarbeidarar og forskarar.

Sårbar ungdom hardast ramma  Intervjua fortel oss noko om korleis ungdomsarbeid har gått føre seg i Norge under pandemien. Mange eksisterande formar for ungdomsarbeid vart sterkt påverka og fleire ungdomshus og klubbar måtte stenge ned då pandemien slo over oss. Ettersom lokale tiltak har variert frå kommune til kommune, er det sjølvsagt geografiske forskjellar, men ungdomsarbeidarane som er intervjua i rapporten peiker særleg på dei negative konsekvensane nedstenginga har hatt på sårbare grupper av ungdom, som utgjorde hovuddelen av brukarane på ungdomshusa. Rapporten viser at den uregelmessige stenginga og opninga av ungdomshus gjorde det vanskeleg å drive godt ungdomsarbeid under pandemien. «Mange klubbar vart stengde og deretter opna fleire gongar. Ungdomshus i nabolag prega av låg inntekt og låg sosioøkonomisk status vart ofte ramma av mykje smitte og mange av desse var stengde ned under lange periodar. Det var veldig synd fordi det var i desse områda at ungdomshusa var spesielt viktige, då mange ungdommar ofte ikkje har andre stadar å vere», fortel André Ruud. Han er dagleg leiar i Ungdom og Fritid, ein interesseorganisasjon for ulike ungdomsorganisasjonar og ungdomshus i Norge. Han fortel at sjølv om alle dei 650 ungdomshusa i deira nettverk inkluderer er forskjellige, er alle utforma ut frå eit prinsipp om å gi ungdom eit lågterskeltilbod som skapar rammar for sosial deltaking. Felles for desse møteplassane er også at dei i hovudsak er brukt av ulike grupper av sårbare ungdommar – til dømes med etnisk minoritetsbakgrunn eller frå låginntekstfamiliar.

Gaming og digitalt ungdomsarbeid 
Rapporten peiker på kor viktig det er at ungdomsarbeid tar med seg populærkultur og brukar kulturformer som gaming og musikk for å arbeide med unge. Fleire av informantane peikte mellom anna på at gaming har vore ei viktig kjelde til sosial tilhøyrsle under pandemien. Ungdomsarbeidaren Kim ved Helset ungdomshus fortel at då det vart bråstopp i mykje av aktiviteten ved ungdomshuset i, vart gamingtilbodet ekstra viktig. «Mange som gamar har store sosiale nettverk på nettet som foreldra ikkje kjenner til, og ein kan lære like mykje nyttig kunnskap via gaming som fotball. Gaming er ein sosial aktivitet som gir ungdom ei kjensle av fellesskap som det var mogleg å vidareføre på nett trass i nedstenginga», seier han.

Pandemi eller ikkje – ei rekke studiar dei siste åra har vist at gaming uansett er ein sentral del av livet til norsk ungdom, særleg gutar. Det er derfor viktig å motverke vaksne sine fordommar mot dataspel og gaming. Sjølv om gaming kan vere skadeleg i nokre tilfelle, kan det også gi unge ein arena for digital utvikling og deltaking, og mange gamarar utviklar ferdigheiter i programmering og data som er viktige seinare i livet. Pandemien, og auka deltaking på digitale plattformar, gir oss ein moglegheit til å undersøke gaming både som ein ressurs og ei potensiell utfordring – særleg for marginalisert ungdom, heiter det i rapporten.

I tillegg til å styrke gamingtilbodet, arrangerte ungdomsarbeidarane ved Helset ungdomshus kurs i podcasting, laga podcast for ungdom, og oppretta fleire sosiale møteplassar på Discord, Snapchat, Instagram og Facebook. Det same skjedde på mange andre ungdomshus over heile landet. Ifølge rapporten illustrerer desse døma at det er ungdom sjølv, og dei som jobbar med ungdom, som blir sentrale når det gjeld å finne kreative og innovative løysingar på problem som angår ungdom.

Ungdomsarbeid i vinden?Unntakstilstanden vi har vore i sidan mars 2020 har også generert nokre uventa positive konsekvensar relatert til ungdomsarbeid, meiner André Ruud i Ungdom og Fritid. «Mange snakkar no om at ungdom har vorte sterkt marginalisert under pandemien, og nyleg har fleire politikarar og viktige talspersonar gått ut og snakka om betydinga av ungdom og ungdomsarbeid. Ungdom har kome litt tilbake til det offentlege ordskiftet, og som ungdomsarbeidar opplever eg at vi har eit slags momentum no, som vi ikkje hadde tidlegare. Offentlegheita bryr seg om ungdom», fortel han.

Ifølgje Ruud har den systematiske ekskluderinga av ungdom på grunn av smittevernstiltak og nedstenging særleg bidrege til eit auka medvit rundt sårbar ungdom i media og politiske diskusjonar. Det er viktig å bruke dette «momentumet», som Ruud kallar det, til å utforme og diskutere nye ungdomspolitiske verkemidlar som betre integrerer og tar vare på sårbar ungdom.

Forskarane bak rapporten anbefaler meir systematisk forsking på korleis ulike grupper av ungdom har vorte påverka, og å skaffe kunnskap om kven som bruker dei ulike ungdomshusa og korleis pandemien ramma sårbar ungdom spesielt. Vidare foreslår dei framtidige studiar som undersøker dei mange ulike effektane av gaming blant ungdom, og som både ser på gaming som ein ressurs og ein hemsko, avhengig av kontekst. Og sjølv om vi ikkje kan gi generelle anbefalingar på bakgrunn av ein liten intervjustudie, tar vi med oss at rapporten gir gode døme på korleis ein kan arbeide for å gjenreise ungdomsarbeid som felt etter pandemien. Og at det no er på tide, gjer rapporten klinkande klart.

Alle dei intervjua ungdomsarbeidarane etterlyste at ungdom skal kunne vere saman i ikkje-digitale kontekstar etter kvart som vi kjem oss ut av pandemien. Revitalisering av ikkje-digitalt ungdomsarbeid vil vere særleg viktig for å attskape frivillig ungdomsarbeid som har falt bort det siste halvtanna året, påpeiker rapporten.

Internasjonalt ungdomsarbeid post pandemiAv openberre grunnar har internasjonale ungdomsprosjekt og samarbeid lege brakk for mange under pandemien. Trass i at vi med nye digitale plattformer alltid berre er eit tastetrykk unna resten av verda. I 2021 gjekk Erasmus+-programmet inn i ein ny 7-årig programperiode med ein nesten dobling av budsjettet frå førre periode. EU satsar tungt på ungdom, ungdomsarbeid og samarbeid på tvers av landegrensene, og vi håpar og trur at Erasmus+-programmet kan bli ein viktig brikke i å revitalisere norsk deltaking i internasjonalt ungdomsarbeid no som vi skal ut av koronapandemien. Interkulturelle møter og læring er kjernen i programmet, og skjer best når vi får treffe kvarandre fysisk på tvers av landegrensene.

Jobbar du med ungdom og er interessert i å setje i gang internasjonale prosjekt når vi kan byrje å reise igjen? Då kan du søke prosjektmidlar frå Erasmus+! Les meir om dei ulike støtteordningane våre her.

Vil du lese heile rapporten frå NOVA? Den finn du her (ekstern lenke).