Tromsø kan bli europeisk ungdomshovudstad i 2025!

19 europeiske byar har søkt om å bli «European Youth Capital» i 2025. Tromsø er ein av fire som er plukka ut som finalistar til den gjeve tittelen. 

«Europeisk ungdomshovudstad» er ein tittel som delast ut av Det europeisk ungdomsforumet og som er meint å skulle styrke både ungdomsmedverknad og europeisk identitet i byar rundt omkring i Europa. Kvart år blir ein ny by utnemnd, og får slik moglegheit til å vise fram korleis nettopp dei jobbar for å bringe eit ungdomsperspektiv inn i alle aspekta av livet i ein kommune. I tillegg til ungdom si deltaking i politikken, legg prisen vekt på at ungdomsmedverknad skal gjennomsyre alt frå transportplanar til kulturliv i kommunen.

Tittelen skal altså ikkje berre gjere stas på ungdomsvennlege europeiske byar, men også motivere dei til å fortsetje å forbetre seg, i tillegg til å fungere som gode døme som andre byar kan la seg inspirere av.

Sidan Rotterdam vart kåra til den aller første ungdomshovudstaden i 2009, har 15 andre byar stukke av med tittelen. I år er det Albanias hovudstad Tirana som held den, til neste år er det Lublin i Polen og i 2024 er det Ghent i Belgia.

- Tromsø er ein føregangskommune

Og i 2025 kan det altså bli vår eigen Tromsø som blir Europas ungdomshovustad. Det er første gong ein norsk by er finalist.

«Tromsø er ein føregangskommune på ungdomsmedverknad. Dei har eit aktivt ungdomsråd, og barn- og unges kommunestyre. Ungdomsrådet har opptil fleire møte i månaden, deltek aktivt i kommunepolitikken og disponerer midlar som elevråd kan søke om for å gjennomføre diverse prosjekt. Byen har i tillegg ei rekke fritidstilbod, idrettslag og sosiale møteplassar der ungdommane har moglegheit til å drive med det dei ønsker å drive med. Stort sett alle ungdommane i Tromsø og området rundt har trygge og sosiale arenaar der dei kan uttrykke sin identitet på ein trygg og inkluderande måte», skriv leiar av Ungdommens fylkesråd i Troms og Finnmark, Ole Martin Melbøe Nygård i Nordnorsk debatt(ekstern lenke). Debattinnlegget vart skrive i samband med at Tromsø sendte inn sin søknad om å bli ungdomshovudstad.

Juryen, som består av representantar frå ei rekke europeiske ungdomsorganisasjonar og -institusjonar, har plukka ut byane Fuenlabrada i Spania, Izmir i Tyrkia og Lviv i Ukraina som finalistar i tillegg til Tromsø.

Førebels har juryen ikkje publisert ei spesifikk grunngjeving for valet av Tromsø som finalist, men skriv på nettsidene til European youth forum (ektern lenke) at «alle finalistbyane har demonstrert ei fantastisk vilje til å investere i unge menneske og å gi dei moglegheit til å delta aktivt i alle delar av livet i byen».

Kva skjer vidare?  

Ungdomsforumet (ekstern lenke) gir tilbakemeldingar på søknadane dei fire finalistane har sendt inn, før dei sender inn enno ein søknad i juni. Denne får dei også innspel på før tredje søknadsrunde i oktober. I november skal representantar for alle finalistbyane få treffe juryen og halde ein presentasjon der dei prøver å overtyde dei om at nettopp deira kommune er ein verdig vinnar. Den endelege vinnaren blir utropt i november.

Vi ønsker alle finalistane lykke til med den vidare prosessen, og er veldig spente på om Norge skal få sin aller første europeiske ungdomshovudstad i 2025!