Blei kjend med norsk natur, frivilligheit og dugnad

Sted: Askvoll, Noreg
Støtteordning: Frivillig arbeid
Beløp: 23 584 euro

Deborah frå Tyskland drog til Askvoll for å jobbe som frivillig i eit år. Der vart ho kjend med norsk natur, kultur og folk i alle alder.

Ynskte seg eit friår med meining

Etter vidaregåande skule ville Deborah ta seg eit år fri for å reise og oppleve noko nytt.
Ho var ikkje sikker på kva ho ville eller kor ho skulle dra. Det einaste ho visste var at ho ville lære korleis det er å leve i ein annan kultur over lengre tid. Mange søk på internett seinare søkte ho om å jobbe frivillig i fleire land, inkludert Spania, Polen og Irland. Etter nokre Skypeintervju valte ho Askvoll og Nærmiljøsentralen.
Nærmiljøsentralen hadde mange søkjarar, men i intervjuet viste Deborah at ho hadde førebudd seg godt og at ho hadde motivasjonen og verdiane dei var på jakt etter.

Måtte ta initiativ for å få nye venner

Det kan vera utfordrande å kome frå ein stor universitetsby til Askvoll. Det er veldig stille der og det kunne innimellom vera einsamt. Men Deborah forelska seg fort i landskapet: Svimlande utsikt, fjordar, frisk luft og grøne skogar. Ho syns det var fint å bli kjend med naturen i Noreg og korleis nordmenn brukar han.

Askvoll ligg ut mot Nordsjøen på Vestlandet, og byr på mange flotte turområde.

Nokre av dei lokale innbyggjarane var litt reserverte og tilbakehaldne, men Deborah følte aldri at folk var uhøflege eller uinteresserte i å snakke med henne. Ho opplevde raskt at nordmenn var utruleg hyggjelege når ho først vart kjend med dei. Det å ha mange varierte arbeidsoppgåver ga henne eit stort nettverk. Deborah fekk tildelt ein mentor i prosjektet. Mentoren sytte for at ho vart betre kjent med norsk kultur gjennom å vise henne turmoglegheiter i området og ved å invitere henne med på middagar og familieselskap.

Nærmiljøsentralen i Askvoll har hatt frivillige i mange år nå, så lokalsamfunnet byrjar å verte vane med at det kjem frivillige kvart år. I eit lite samfunn som Askvoll når informasjonen om dei nye frivillige raskt dei fleste. Dei får også presentere seg for den politiske leiinga i kommunestyremøte i september.

Varierte oppgåver i lokalsamfunnet

På Nærmiljøsentralen jobba Deborah saman med ein annan frivillig frå Belgia. Ho valde sjølv kva oppgåver ho ynskte å delta i, og kva lag og organisasjonar ho skulle samarbeide med. Ho hjelpte til i barnehagen og på arrangementa til Røde Kors, Nærmiljøsentralen og Folkeakademiet og i Junior- og Ungdomsklubben. Ho var også med på tyskundervisning på Askvoll skule og i barneidretten. Det var ikkje tid til å keia seg med ein så variert timeplan. Sjølv om det tok mykje energi å jobba i eit så sosialt miljø, var det var spennande og gav utruleg mykje glede. Ho syns at det var veldig kjekt å lære frå både barn og eldre. Ho lærte om organisasjonsarbeid og aktivitetar lagt til rette for alle grupper i Askvoll. Dugnadsinnsatsen som vert gjort av lag og organisasjonar var også ein viktig lærdom ho kunne ta med seg.

Deborah var med på å arrangere fisketur for barn

Verdifulle bidrag frå dei frivillige

Askvoll er ei bygd med stadig fleire innbyggjarar med internasjonal bakgrunn. Då er det viktig med aktivitetar og arenaer kor ein kan verta kjend og samarbeida på tvers av generasjonar, kulturar og nasjonar. Frivilligheit kan minske einsemd og auke forståing på tvers av generasjonar. At dei frivillige er engasjerte i dei ulike daglege gjeremåla, er med på å viske ut frykta for det ukjende hjå innbyggjarar i Askvoll.

Positive meldingar og skryt vitjar om at prosjektet er viktig og lærerikt for bygda. Dei unge vert møtt med velvilje og nysgjerrigheit. Dei lokale partnarane er svært engasjerte og villige til å bidra med opplæring og tilrettelegging av opphaldet for dei unge frivillige.

Erfaring frå arbeidet med dei frivillige hjelper Nærmiljøsentralen å verte betre på det arbeidet dei gjer. Dei frivillige set også internasjonalt ungdomsarbeid på dagsorden, og spreier nyhende om at norsk ungdom har same moglegheit som dei.

I ungdomsklubben fekk dei frivillige utfalde seg kreativt og kulturelt. Dei organiserte musikkverkstad og internasjonale kveldar der mattradisjonar var i fokus.
Deborah var med på aktivitetsdagar og turar i naturen med ungdommane i ungdomsklubben.

Medbestemming i praksis

Ein ting Deborah la merke til er at alle har moglegheit å medverke og med-bestemme. For henne som er tysk var det litt uvant, ho var vant med orden og rammar. Viss ho spurte korleis ho skulle gjere noko var svaret ofte: « Det gjer du akkurat som du vil.» Ho oppdaga verdien av dette. Det er slik ein skapar noko nytt saman, med påverknad av alle og ein kvar.

Lærte seg fort norsk

Dei to frivillige fekk norskundervisning på vaksenopplæringa i tre månader. Etter det måtte dei klare seg sjølv. Alle dei snakka med var veldig flinke å hjelpe dei, sjølv om det sikkert var litt vanskeleg å forstå dei i starten. Etter eit år har ho lært hos seg at den beste metoden å lære eit språk er å berre snakke – og å ikkje bry seg om att du kanskje snakkar feil eller har ein aksent.

Dei eldre syns det var fint at det var unge med på treffa på Storstova. Dei kunne læra vekk lokale ord og utrykk, medan dei frivillige presenterte seg sjølv og kultur og tradisjonar frå heimlanda deira.

Lærdom og minne for livet

I tillegg til at Deborah nå kan snakke norsk flytande, har ho også lært seg korleis det er å leve på ein liten stad lang ute ved kysten i mørke og kulde. Ho fekk kunnskap om korleis det er å bu saman med og leve blant ukjente kulturar. Ho lærte mykje om seg sjølv i perioden, og vart meir reflektert over sitt eige liv som vaksen. Deborah hadde gode rettleiarar og opplevingar i oppgåvene ho utførte. Dette var med på å gje sjølvkjensle og lyst til å utforske meir. Ho tilpassa seg fint Askvoll som midlertidig heimstad, og ynskjer å kome tilbake på besøk. No først går ferda vidare til Nord-Noreg for å være frivillig på ein bondegard. Etterpå ventar studiar i Tyskland.

Friluftsliv og matpakke – viktige element i norsk kultur