Samanlikna ungdomskultur i Noreg og Polen  

Sted: Wegliniec, Polen
Støtteordning: Gruppeutveksling
Beløp: 12 294 euro

Det var 14  spente ungdommar frå Jæren som reiste til Polen i mars 2020. Dei skulle delta på ei seks dagar lang gruppeutveksling saman med polske ungdommar. I lang tid hadde dei planlagt denne turen, med temaet «ungdom og samfunnet».  

Ungdomsrådet i førarsetet  

Ungdommane i ungdomsrådet i Hå var med på å avgjere at det skulle søkast om støtte til å organisere ungdomsutveksling. Ungdomsrådet drøfta tema og arbeidsmåtar på fleire møter, og laga ei eiga arbeidsgruppe som jobba med prosjektet eit godt år før utvekslinga skjedde. 

Det var eit ønske frå ungdomane i Hå ungdomsråd at utvekslinga skulle setje fokus på ungdom og samfunnet. Dei ønskte å lære meir om kvarandre, om kvardagen, strategiar for å meistre livet, og forventingar og moglegheiter for ungdommane i begge landa. Dei ønskte også å sjå på det som var likt og ulikt mellom ungdommar i Noreg og Polen. Dei polske ungdommane syntest også dette var eit interessant tema.  

Då Ungdomsrådet fekk positivt svar på søknad om støtte frå Erasmus+, gjekk ungdommane i gang med å planlegge detaljane rundt utvekslinga saman med ungdomsleiarane. Dei arrangerte til og med ein eigen workshop med overnatting, der dette var hovudtema. Her planla dei ulike bolkar i programmet, korleis variere arbeidsmetodane, «norsk kveld» og ulike leikar. 

Mindre skilnader enn dei hadde trudd  

Ungdommane hadde i samarbeid med dei vaksne lagt opp til eit tettpakka og spennande program i Wegliniec, som ligg i sørvestlege Polen, ikkje langt frå grensa til Tyskland.  

Eit viktig tema på utvekslinga var å sjå på likskapar og ulikskapar blant anna når det gjeld sosiale medium som Snapchat, Instagram, TikTok og Facebook osv. Ei anna oppgåve handla om ein vanleg dag for ungdom i Norge og Polen. Der hadde dei både teikneoppgåver, dramaoppgåver og refleksjonsoppgåver leda av Hå-ungdommane. Dette var ein morosam aktivitet kor mange skjulte skodespelartalent kom fram i lyset.  

Noko av det som sit igjen som mest minnerikt frå turen, var kveldane der både norsk og polsk ungdom hadde planlagt ei innføring om heimlanda sine, med bilete og foredrag, mannekengoppvisning, dramatisering av eventyr, quiz, smaksprøvar og god mat. Ein av deltakarane briljerte med heimelaga kjøttkakemiddag med poteter, gulrøter, ertestuing og god saus, saman med gode hjelparar på kjøkkenet.  

I tillegg hadde dei tid til disko, bowling, utflukt til byen Wroclaw med workshops, kortspel, selskapsleikar og anna moro. Kvile stod ikkje høgt på prioriteringslista.  

Den største overraskinga for ungdommane var at dei opplevde at det var mindre skilnader enn dei hadde trudd på førehand. Både musikksmak, humor, bruk av sosiale media, ønske om å holde seg i fysisk form og det å henge med venner var veldig likt for norske og polske ungdommar. Dei norske ungdommane er nok meir aktive når det kjem til trening og deltaking i organisert idrett. I Hå er både handball og fotball populære aktivitetar. Dei polske ungdommane bruker litt meir tid på lekser. Dei var også meir røynde med tradisjonell dans. Ungdommane frå Hå opplevde at den polske gruppa var meir gjestfri, gåvmild og oppteken av høgtidelege seremoniar enn det dei er vane med heimefrå.

Tettpakka program og mykje lærdom  

Under sjølve utvekslinga hadde dei evaluering i nasjonale grupper kvar dag, der ungdommane fekk sette ord på korleis dagen hadde vore, kva ein hadde lært og mål for neste dag.  

Tilbakemeldingane frå både polsk og norsk ungdom har vore særs gode, sjølv om det blei lite fritid og mykje organisert opplegg. Og sjølv om det var lite fritid, ville ungdommane helst vere saman også etter at  programmet for dagen var over. Deltakarane er no mange opplevingar rikare og mange nye vennskapsband er knytte.  

Ungdommane lærte mykje engelsk av å være med på utvekslinga, og spesielt å snakke engelsk i møte med nye menneske. Dei fekk ny sosial kompetanse gjennom nye vennskap. Ungdommane vart utfordra til å hive seg ut i aktivitetar som dei ikkje hadde prøvd før, og å ta eigne val og ytre sine meiningar i gruppediskusjonar.  Å organisere aktivitetar for dei andre deltakarane førte til styrka sjølvtillit og meistringskjensle. Dei lærte også mykje nytt om landet Polen. 

Fleire ungdommar ga også uttrykk for at dei syntest det var frigjerande å delta utan å verta vurdert og få karakterar, slik som i den formelle utdanninga. Dei verdsette å få oppleve å vera ein del av eit inkluderande fellesskap.   

Ungdomane fekk utdelt Youthpass

Nyttig lærdom også for dei vaksne 

Dei vaksne leiarane la ned stor innsats gjennom førebuingar i lag med ungdommane. Dei lærte at ein får mykje igjen for å vere godt førebudd og vere trygg i det som skal skje, samstundes som ein treng ein viss fleksibilitet når ting ikkje går heilt som planlagt.  Nokre utfordringar møtte dei på undervegs. Det var mellom anna vanskeleg å tilpassa mengde informasjon som vart sendt til deltakarane før og under utvekslinga.

Dei måtte også planlegge godt og tilpasse programmet slik at nivået på aktivitetane og lengda på programmet passa for dei fleste deltakarane.  Når det kjem til fastsette klokkeslett for måltider, er det særleg viktig å halda seg til dei, for å unngå at nivået på både blodsukkeret og stemninga stupar. Det kan vera livreddande å ha ein sjokolade på lur i veska.

Ungdomsarbeidarane lærte kor viktig ei slik utveksling kan bli når ungdommane kjenner at dei eig både tema og metodane som blir brukt.   

Langvarig samarbeid mellom kommunane  

Hå Kommune har vore venskapskommune med Wegliniec i snart 30 år. For Hå kommune kjentest det trygt å samarbeide med ein organisasjon dei kjenner frå før og har opparbeida gjensidig tillit til. Dei hadde på førehand avklart forventingar og roller. Kommunikasjon i forkant via mail gjekk raskt og greitt, og undervegs i utvekslinga var det enkelt å drøfte idear og bli einige om praktiske løysningar og endringar.  

Ordføraren i Wegliniec var innom to gangar i løpet av utvekslinga, der han fortalte kor stor pris kommunen sette på dette vennskapet.   

Internasjonale ungdomsprosjekt er eit av områda dei prioriterer i samarbeidet mellom dei to kommunane.  Dette har ført til mange samarbeidsprosjekt og besøk. Mange skuler i Hå og ungdomsrådet har delteke i samarbeidet. Etter ei så vellukka veke i Polen blir det nok heller ikkje siste gong dei organiserer ei gruppeutveksling for ungdommar i dei to venskapskommunane.   

Delar av teksten er basert på ein tekst som vart sendt inn til og publisert i Jærbladet