Lyst på jobb i Brussel?

Vil du bidra til Norge sitt arbeid i EU? Barne- og familiedepartementet søker no nasjonal ekspert til Europakommisjonen.

Ein nasjonal ekspert er ein statstilsett som er mellombels utlånt til EU. Gjennom EØS-avtala har Norge nemleg moglegheit til å sende slike norske nasjonale ekspertar til Europakommisjonen. Denne stillinga er eit toårig engasjement (med moglegheit for forlenging i eitt år) i Generaldirektoratet for utdanning og kultur.

Avdelinga du jobbar for har ansvar for gjennomføringa av EU sin ungdomsstrategi, Det europeiske solidaritetskorpset og ungdomsaktivitetar under Erasmus+-programmet. Har du interesse for og erfaring med ungdomsfeltet, og med eit eller fleire av arbeidsområda som ligg under ungdomsdelen av Erasmus+, kan dette vere noko for deg.

For å bli vurdert som aktuell for stillinga må du kunne bo i Brussel i perioden.