14,8 millionar i prosjektmidlar – desse har fått støtte!
Den 20. februar fekk vi inn 59 søknadar, og det er no klart at 24 av desse vart innvilga. I vår deler vi ut omtrent 14,8 millionar kroner i prosjektmidlar til eit vidt spenn av ulike prosjekt. Dette var den første av tre søknadsrundar i 2024.
Heile lista over prosjekt som får støtte finn du her.
Denne runden deler vi altså ut nesten 15 millionar kroner til søkarar frå ti av 15 fylke. Oslo er det fylket som stikk av med den største summen på i overkant av 6 millionar kroner, og etter dei kjem Vestland fylke med omtrent 2,7 millionar kroner. Alle tal i kroner er omtrentlege. Støtta blir utbetalt i euro, og eksakt eurobeløp er fastsett i kontrakten med støttemottakar.
Tal for dei ulike støtteordningane
- Gruppeutveksling: av 39 søknader vart 11 innvilga (28,2 %)
- Opplæring for ungdomsarbeidarar: av 7 søknader vart 4 innvilga (57 %)
- Ungdomsstyrte prosjekt: av 10 søknader vart 6 innvilga (60 %)
- DiscoverEU Inclusion Action: den eine søknaden vi fekk inn, vart innvilga (100 %)
I tillegg har vi innvilga to søknadar om midlar til dei akkrediterte organisasjonane Ungdom og fritid og Creative Connection Norway. Ordninga med akkreditering kan brukast av organisasjonar som regelmessig gjennomfører prosjekt og som vil bruke Erasmus+-programmet strategisk i eit langtidsperspektiv. Ein organisasjon som er akkreditert får tilgang til ein enklare søknad om midlar til alle sine prosjekt i løpet av eit år. Ungdom og fritid og Creative connections har akkreditering til og med 2027, og fekk denne runden innvilga støtte til prosjekta sine i 2024. Har du lyst til å sjekke ut akkreditering for din organisasjon? Sjå her!
Innvilga søknadar per fylke:
- Oslo: 9
- Akershus: 2
- Møre og Romsdal: 2
- Nordland: 2
- Rogaland: 2
- Trøndelag: 2
- Vestland: 2
- Innlandet: 1
- Agder: 1
- Telemark: 1
Innvilga midlar per fylke:
- Oslo: 523 642 euro = 6,17 millionar kroner
- Vestland: 234 460 euro = 2,76 millionar kroner
- Nordland: 100 980 euro = 1,18 millionar kroner
- Rogaland: 95 825 euro = 1,12 millionar kroner
- Akershus: 75 863 euro = 893 900 kroner
- Telemark: 54 650 euro = 644 00kroner
- Møre og Romsdal: 50 561 euro = 595 800 kroner
- Trøndelag: 50 028,75 euro = 589 500 kroner
- Innlandet: 44 841 euro = 528 400 kroner
- Agder: 25 087 euro = 295 600 kroner
- Troms: 0 euro = 0 kroner
- Finnmark: 0 euro = 0 kroner
- Vestfold: 0 euro = 0 kroner
- Buskerud: 0 euro = 0 kroner
- Østfold: 0 euro = 0 kroner