29,5 millionar i prosjektmidlar – sjå kven som har fått støtte!
Den 4. oktober fekk vi inn 106 søknadar, og det er no klart at 36 av desse vart innvilga. I haust deler vi ut 29,5 millionar kroner i prosjektmidlar til eit vidt spenn av ulike prosjekt. Dette var den siste søknadsrunden i 2023.
Denne runden deler vi altså ut nesten 30 millionar kroner til søkarar frå 10 av 11 fylke. Oslo er det fylket som stikk av med den største summen på over 12 millionar kroner, og etter dei kjem Trøndelag fylke med nær fire millionar kroner. Alle tal i kroner er omtrentlege. Støtta blir utbetalt i euro, og eksakt eurobeløp er fastsett i kontrakten med støttemottakar.
Erasmus+ ungdom forvaltar seks ulike støtteordningar, og det er stort spenn i kva type prosjekt som får støtte av oss. Den minste summen vi deler ut i haust er ca. 119 500 kr til Redd Barna, og den største er ca. 4,6 millionar til JM Norway.
Tal for dei ulike støtteordningane
- Gruppeutveksling: av 49 søknader vart 15 innvilga (30,6 %)
- Opplæring for ungdomsarbeidarar: av 10 søknader vart 5 innvilga (50 %)
- Ungdomsstyrte prosjekt: av 12 søknader vart 7 innvilga (58,3 %)
- DiscoverEU Inclusion Action: av 6 søknader vart 4 innvilga (66,7 %)
- Små samarbeidsprosjekt: av 14 søknadar vart 1 innvilga (7,1 %)
- Store samarbeidsprosjekt: av 15 søknadar vart 4 innvilga (26,7 %)
I tillegg har vi innvilga ein søknad om akkreditering innanfor Erasmus+ ungdom. Ordninga med akkreditering kan brukast av organisasjonar som regelmessig gjennomfører prosjekt og som vil bruke Erasmus+-programmet strategisk i eit langtidsperspektiv. Ein organisasjon som er akkreditert får tilgang til ein enklare søknad om midlar til alle sine prosjekt i løpet av eit år. Vi fekk inn fem søknadar om akkreditering i 2023, og ein av dei vart innvilga. Ungdom og fritid – landsforeininga for fritidsklubbar og ungdomshus – har fått akkreditering til og med 2027.
Har du lyst til å sjekke ut akkreditering for din organisasjon? Sjå her!
Rekordhøgt søkartal
Denne runden fekk vi inn 106 søknadar, noko som er rekord på ein runde. Her var fylka Viken og Oslo store bidragsytarar, med høvesvis 27 og 25 søknadar. Vi fekk inn søknadar frå organisasjonar i 10 av 11 fylke. Om lag ein tredel av søknadane vart innvilga.
Innvilga søknadar per fylke:
- Oslo: 10
- Viken: 6
- Nordland: 4
- Agder: 4
- Møre og Romsdal: 4
- Trøndelag: 2
- Vestfold og Telemark: 2
- Innlandet: 2
- Rogaland: 2
- Vestland: 1
- Troms og Finnmark: 0
Innvilga midlar per fylke:
- Oslo: 1 076 509 euro = 12,7 millionar kroner
- Trøndelag: 331 449 euro = 3,9 millionar kroner
- Viken: 233 241 euro = 2,7 millionar kroner
- Nordland: 232 219 euro = 2,7 millionar kroner
- Møre og Romsdal: 190 453 euro = 2,2 millionar kroner
- Rogaland: 141 935 euro = 1,7 millionar kroner
- Innlandet: 86 643 euro = 1 million kroner
- Agder: 86 595 euro = 1 million kroner
- Vestfold og Telemark: 66 185 euro = 779 000 kroner
- Vestland: 18 764 euro = 221 000 kroner
- Troms og Finnmark: 0 euro = 0 kroner