Eg reiste på interrail aleine – prøv det du òg!

Interrail kunne tilby både utsikt frå togvindauget på nattoget mellom Stockholm og Berlin, og flotte bilete til BeReal frå San Sebastian i Spania. | Foto: Privat

Ei interrailreise aleine gav meg innsikt i det europeiske fellesskapet og nokre av utfordringane verda møter, som ekstremisme, klimaignoranse og hat. Å reise klimavenleg gjennom Europa medan eg møtte nye menneske var sommarens høgdepunkt. Ikkje la noko stoppe deg og reis ut!

Denne teksten er skrive av Marius Moldsvor (18), og vart første gong publisert hos nettavisa Framtida.no (ekstern lenke).

27. juni 2019 blei eg medlem i den norske facebookgruppa Togferie. Eg hadde fullført mitt fyrste år på ungdomsskulen, skuleåret eg byrja å klimastreike, og heile verda retta auga mot Greta Thunberg og Fridays for future-rørsla. I medlemsbladet til Natur og Ungdom, Putsj, las eg reisebrev frå interrail og blei heilt rive med.

Tenk å oppleve verda på skjener utan å drepe ho, tenkte eg.

Ein blir godt kjent med togstasjonar når ein reiser rundt. Her frå Madrid. | Privat: Foto

Dei neste åra las eg alt eg kom over og drøymde om ei rundreise i Europa, men det verka urealistisk. Da eg  kom over DiscoverEU, EU-programmet som deler ut gratis interrailbillettar til attenåringar, var eg i ekstase. I 2023 delte EU ut ca 800 gratisbillettar til norsk ungdom.

Da meldinga om at eg fekk billettar kom, byrja endeleg draumen å vekse.

Eg heiv meg i å lese toglitteratur, mellom anna Togeventyret av Bjørn Stærk, som var særs inspirerande. Det å glede seg og planlegge før tur opplevde eg som ein viktig del av opplevinga.

Da eg enda opp med å ikkje finne ein reisepartnar, ville eg ikkje vente, og drog aleine. Eg angrar ikkje på det!

5. juli sette eg meg på nattoget frå Narvik til Stockholm og starta eventyret. Sommarfuglane i magen fór rundt da toget snirkla seg opp dei bratte fjellsidene mot svenskegrensa. Eg sat i stilla forbi Torneträsk-innsjøen og høyrde på samtalen ein amerikansk familie hadde medan tankane svirra oppe på høgfjellet. Allereie i kupéen for natta kom eg i prat med ein hyggeleg svensk lærar som var djupt investert i norsk musikk og festivalar. Medan vi snakka engasjert om Aurora og Sondre Justad innsåg eg at aldersgapet ikkje var noka hindring, men ei moglegheit til ein interessant samtale.

Første stopp på reisa vart ei omvisning i den svenske riksdagen i Stockholm. | Foto: Privat

Dei levande hostella blei ein stor del av reisa mi. Eg sov på alt ifrå eit billig skulehostell i Praha og eit landsbyherberge ved Cinque Terre til ein tettpakka tolvsengs sovesal i Madrid og ein ungdommeleg surfeheim i San Sebastián.

Menneska eg møtte på interrail er det finaste eg sit igjen med. Som da eg skoda på Spanias Congreso de los Diputados i over førti grader og kom i prat med nokre klimaaktivistar, før eg blei med dei på ein vegansk restaurant for å ete saftige veganske calamares, medan vi snakka om spansk klimakamp i valtider.

Eller da eg kveldsbada til ein gyllenraud solnedgang i italienske Monterosso al Mare, etter å ha brukt ein dag i dei pittoreske småbyane i Liguria. Lukta og smaken av fersk gelato etterfølgt av bading og latter med to jenter frå India og Australia som eg møtte i ein avsidesliggande fjellandsby, kjem eg aldri til å gløyme.

Landsbyen Monterosso al Mare i Italia gjorde inntrykk. | Foto: Privat.

Å leve på budsjett gjer turen berre meir spennande. Å gå inn i ein spansk supermarknad med ferske ostar, gigantisk utval og låge prisar er ei oppleving i seg sjølv. Å prøve å leve som dei lokale er det rimelegaste.

Å ta ein rutebuss snirklande langt oppe i dei ruvande austerrikske alpane på veg til turistfella Hallstatt var magisk.

Ikkje så langt frå Salzburg ligg også pene Hallstatt. | Foto: Privat.

Når du reiser langs bakken får du oppleve eit land på ein heilskapleg og autentisk måte. Fleire gonger fekk eg også mat spandert frå folk eg møtte, som da forskaren frå USA, som eg møtte i Praha på ein free walking tour, spanderte restaurantbesøket med smakfull tsjekkisk mat.

Verda er full av flotte folk og skjebnar som du kan bli kjend med, utan å bli blakk.

På ei interrail-reise kan du òg få eit innblikk i dei mørke sidene av Europa. Til dømes fekk eg innblikk i dei enorme klasseskilja i den franske hovudstaden. Å sjå kontrasten frå bydelen der hostellet mitt var, med mange heimlause på gata og forfalne blokkar, til sentrum av Paris, der kvart regjeringsdepartement ser ut som kongens slott og folk gjekk i dyre merkeklede.

Eiffeltårnet i Paris måtte også få eit besøk. | Foto: Privat

Eller da eg fekk oppleve den veksande høgreekstremismen i Europa. Under ei filmvisning om det tyske demokratiet langs breidda av Spree opplevde eg og nokre vener ein nynazist som ropte i støtte til Hitler.

Det var skummelt og reflekterer eit Europa der framandhat, fascisme og hat er på frammarsj.

Den ikoniske berlinmuren var ein sjølvsagt stopp, eit monument til ei tid da Europa var fullstendig delt. | Foto: Privat

Det er nettopp fordi desse vonde fascistiske kreftene spreier seg i Europa at kulturutvekslinga som interrail legg opp til, er enda viktigare enn før. Undersøkingar gjort av Europakommisjonen etter starten på DiscoverEU fann ut at mellom 70–80 prosent av ungdommane blei meir opne for eit multikulturelt Europa, meir tolerante for andre sine verdiar og åtferd og meir interessert i kva som skjer i Europa.

Det kan eg skrive under på. Ein bryt ned fordommar og grenser som splittar oss og bytar dei med kunnskap og forståing. Ein får forståing og motivasjon til å engasjere seg i det europeiske og globale fellesskapet.

Mykje kan skje når du reiser rundt. Her frå ein spontankonsert i San Sebastian. | Foto: Privat.

Dette opplevde eg til dømes da eg møtte nokre jenter frå Budapest som ikkje såg noka framtid i Ungarn på grunn av Victor Orbán sin bakstreverske og hatefulle politikk. Eller når eg møtte ein som opplevde Tysklands neglisjering av transpersonar sine rettar på kroppen, og som frykta kva som kunne skje dersom høgrenasjonalistiske AfD får regjeringsmakt dei neste åra.

Ved å bli kjend med desse menneska har eg fått eit engasjement utover mitt eige liv her i Noreg, og fått sjå korleis utfordringane vi møter er verdsvide, interseksjonelle og samstundes ulike frå land til land.

Å reise aleine var ei fantastisk og lærerik oppleving som eg kan tilrå til alle. Opplev noko nytt og bli kjend med menneske som kan endre måten du ser verda på. Viss du er ein forelder, hugs at å la ungdommen din vere sjølvstendig er noko av det viktigaste du kan gje oss. Sjølvsagt må ein ta kloke atterhald, som elles i livet.

Å hoppe ut i det var det beste valet eg tok i 2023, så la det bli ditt gode val i 2024. Lukke til!