Noregs deltaking i Det europeiske solidaritetskorpset
Regjeringa har bestemt seg for at Noreg ikkje skal vere med i Det europeiske solidaritetskorpset på lik line som EU-landa i inneverande programperiode til og med 2020. Vi vil dermed fortsette å ha status som partnarland ut 2020, og norske organisasjonar kan vere med i prosjekter som partnarar, men dei kan ikkje søke om midlar sjølv.
Vi håpar Noreg bestemmer seg for å bli med som deltakarland i den nye programperioden frå 2021 til 2027.
Sjå pressemeldinga til regjeringa her (ekstern lenke).
Vi held fram som før med Erasmus+: Aktiv Ungdom. Det er berre frivillig arbeid (EVS) som er påverka.
Les meir om solidaritetskorpset for norske organisasjonar.