Høyr oss!
Sted: Molde, Norge
Støtteordning: Ungdompolitiske møter
Beløp: 15 855 euro
Engasjerte ungdommar frå Ungdomspanelet i Møre og Romsdal, Ungdommens fylkesråd i Nordland og Ungdommens fylkesutvalg i Trøndelag arrangerte konferansen "Høyr oss!" for å diskutere korleis unge kan få ei reell moglegheit til å påverke politikken der dei bur og korleis ungdomsorgana best kan representere stemma til alle ungdommane i fylket.
Ung medverknad på agendaen
Ungdommane ønskte å sjå på korleis dei ulike medverknadssorgana for ungdom kan vere eit bindeledd mellom unge i fylka og fylkespolitikarane. Målet med prosjektet var å finne ut korleis medvirkningsorgana for ungdom på ein best mogeleg måte kan spegle mangfaldet av ungdom og meningane deira. Dei ønskte og å sjå på korleis desse organa kan oppnå medverknad i dei demokratiske prosessane på fylkespolitisk nivå. Saman fann dei ut at dei skulle arrangere ein konferanse over to dagar.
Viktige stemmer
Ungdom har så mykje kunnskap og eit heilt unikt samfunnsperspektiv, som politikarane er nødt til å lytte til. Heldigvis finst det organ som representerer ungdommanes stemme overfor lokalpolitikarane.
På konferansen delte organa erfaringar om korleis dei kan påverke fylkespolitikken som angår dei unge og korleis dei kan bli betre til å representere dei mange ulike ungdomsgruppene i fylka deira.
Viktige erfaringar
Fleire av ungdommane syntest det var inspirerande å høyre kva dei andre ungdomsorgana har fått til. Til dømes fortalte Ungdommens fylkesråd i Nordland at dei får komme på spørjetime på kvart einaste fylkesting, medan ungdommane i Møre og Romsdal kun er på ein spørjetime i året med sine fylkespolitikarar. Dette fekk dei lyst til å gjere noko med!
I tillegg lærte dei av journalist Morten Feirud korleis dei kan bruke media for å nå ut til unge, og korleis nå fram til journalistar slik at deira saker kjem på trykk. Elev- og lærlingombod Tove Regine Stranden forklara kva representativitet er, og korfor det er så viktig at alle grupper får komme til ordet. Til sist diskuterte deltakarane og lokalpolitikarane Jon Aasen (Ap), Sisel Rykhus (Ap) og Viktor Starheim (Sv) korleis dei som unge faktisk kan oppnå reell medverknad i politiske prosessar.
Ungdomsstyrt program
Høyr oss! var laga for ungdom og av ungdom. Dei gjorde alt sjølv, frå å skrive søknaden om midlar til Erasmus+: Aktiv Ungdom til å finne deltakarar, planlegge programmet og å invitere foredragshaldarar og politikarar. På slutten av konferansen samla dei alle moglegheiter, idear, tips og triks i ei slags handbok som dei kan bruke i arbeidet framover (lenke lenger ned på sida).
Hold auga opne for kva som skjer i ungdomspolitikken i Møre og Romsdal, Nordland og Trøndelag!
Mer informasjon om prosjektet
Søk støtte til ditt prosjekt
NB! Dette prosjektet fikk støtte før 2021, fra en støtteordning som ikke lenger er i bruk. Av dagens støtteordninger er det den som heter "Ungdomsstyrte prosjekt" som er mest aktuell for prosjekter som dette: