4 millionar i støtte til prosjekt for ungdommar og ungdomsarbeidarar

Første søknadsrunde i 2021 er over, og det er klart kva for prosjekt som har fått støtte gjennom støtteordningane «gruppeutveksling», «opplæring for ungdomsarbeidarar» og «ungdomsstyrte prosjekt».

Dette er tre av fem støtteordningar innanfor EU-programmet Erasmus+: Aktiv Ungdom. Den endelege lista over kven som får støtte gjennom dei siste to støtteordningane kjem i slutten av september. For dei tre nemnde ordningane fekk vi inn 37 søknadar frå 23 organisasjonar, og av desse er 13 prosjekt (om lag 35%) innvilga.

Alle tal i kroner er omtrentlege. Støtta blir utbetalt i euro, og eksakt eurobeløp blir fastsett i kontrakten.

Denne runden deler vi ut rett i overkant av 4 millionar kroner til søkjarar frå 7 fylke. Viken er det fylket som stikk av med den største summen på ca. 2 millionar kroner. Etter dei kjem Vestfold og Telemark med omtrent 500 000 kroner.

Tal for dei ulike støtteordningane

  • Gruppeutveksling: Av 23 søknader vart 9 innvilga (39%)
  • Opplæring for ungdomsarbeidarar: Av 10 søknader vart 2 innvilga (20%)
  • Ungdomsstyrte prosjekt: Av 4 søknader vart 2 innvilga (50%)

Grovt rekna gjekk 3,2 millionar kroner til gruppeutvekslingar og 720 000 til opplæring for ungdomsarbeidarar. Berre om lag 126 000 kroner gjekk til ungdomsstyrte prosjekt, den minste støtteordninga i Erasmus+: Aktiv Ungdom. Sistnemnde støtteordning er heilt ny frå i år av, og vi reknar med å få fleire søknadar inn til denne ettersom ordninga blir meir kjent.

Følg med for endeleg resultat i slutten av september

Den endelege lista over dei som fekk støtte gjennom dei to siste støtteordningane – «store samarbeidsprosjekt» og «små samarbeidsprosjekt» er klar i slutten av september, og blir publisert på nettsidene våre. Då kan du også sjå fylkesvis fordeling av innvilga søknadar og summar for heile denne søknadsrunden.

Neste søknadsfrist er 5. oktober 2021 klokka 12:00 (på dagtid). Ta kontakt med oss dersom du har ein prosjektidé du ønsker å få tilbakemelding på, eller treng rettleiing.