Kven fekk støtte etter oktoberrunden 2022?

EU-programmet Erasmus+ ungdom gir i vinter ut omtrent 19 millionar kroner til prosjekt for ungdom og ungdomsarbeidarar. Den 4. oktober fekk vi inn 58 søknadar, og av desse er 26 prosjekt innvilga. Dette var den siste søknadsrunden i 2022.

Heile lista finn du nedst i saka.

Denne runden deler vi altså ut rundt 19 millionar kroner til søkarar frå 10 fylke. Oslo er det fylket som stikk av med den største summen på omtrent av 8 millionar kroner, og etter Oslo kjem Trøndelag fylke med omtrent 4 millionar kroner. Alle tal i kroner er omtrentlege. Støtta blir utbetalt i euro, og eksakt eurobeløp blir fastsett i kontrakten med støttemottakar.

Døme på prosjekt som har fått støtte

  • Organisasjonen PRAKSIS får 4 millionar kroner til prosjektet Future Futures: Reaching Out, der dei saman med samarbeidsorganisasjonar frå Norge, Sverige og Finland skal drive eit læringsprogram innen kunst for ungdommar i alderen 16 til 21 år. Dei skal utvikle ein podkast-serie, ein videoserie og ei bok. Tilskotet kjem gjennom støtteordninga «Store samarbeidsprosjekt».
  • Ungdomstenesta i Hammerfest fekk suksess med Guttekonferansen 2022 for gutar og ikkje-binære ungdommar i kommunen i fjor. I 2023 planlegg dei å gjennomføre Jentekonferansen 2023 for jenter og ikkje-binære ungdommar. Prosjektet får omtrent 220 000 kroner i støtte. Tilskotet kjem gjennom støtteordninga «Ungdomsstyrte prosjekt».
  • Sør-Trøndelag Røde Kors skal arrangere to interrailturar med ungdommar frå låginntekstfamiliar og fosterheim eller barnevernsinstituasjonar. Dei har fått har fått omtrent 93 000 kroner i støtte.

Sistnemnde prosjekt er eit døme på eit prosjekt som har fått støtte gjennom den nye støtteordninga «DiscoverEU Inclusion action». Gjennom denne ordninga kan organisasjonar søkje om prosjektstønad til å arrangere interrailreiser for ungdommar som ellers ikke ville hatt moglegheit til å gjere dette sjølv. Ungdommane kan reise aleine eller saman med vaksne, og gjennom ordninga kan ein få dekka nesten alle utgiftar til reisen. Vi fekk inn tre søknadar om stønad til interrailprosjekt, og alle søknadane vart godkjend. Gratulerer til Prosjekt hverdagsglede, Sør-Trøndelag Røde Kors og Lillehammer kommune.

Foto: PRAKSIS Teen Advisory Board

Tal for dei ulike støtteordningane

  • Gruppeutveksling: av 30 søknader vart 10 innvilga (33%)
  • Opplæring for ungdomsarbeidarar: av 6 søknader vart 3 innvilga (50 %)
  • Ungdomsstyrte prosjekt: av 3 søknader vart 3 innvilga (100 %)
  • DiscoverEU Inclusion Action: av 3 søknader vart 3 innvilga (100 %)
  • Små samarbeidsprosjekt: av 8 søknadar vart 4 innvilga (50%)
  • Store samarbeidsprosjekt: av 8 søknadar vart 3 innvilga (38%)

Flest søknadar frå Oslo og Viken

Organisasjonar frå alle 11 fylke sendte inn søknadar. Det kom flest søknadar frå Viken  (24), og flest søknadar vart også innvilga.

Etter tildelinga står Rogaland, Vestland og Vestfold og Telemark utan tildelte midlar denne runda.

Innvilga søknadar per fylke:

  • Viken: 7/24
  • Oslo: 5/12
  • Trøndelag: 4/4
  • Innlandet: 4/4
  • Møre og Romsdal: 2/3
  • Troms og Finnmark: 2/2
  • Nordland: 1/1
  • Agder: 1/1
  • Rogaland: 0/5
  • Vestland: 0/2
  • Vestfold og Telemark: 0/1

    Innvilga midlar per fylke:

    • Oslo: 811 800 euro – ca. 8,1 millionar kroner
    • Trøndelag: 408 088 euro – ca. 4,1 millionar kroner
    • Viken: 341 828 euro – ca. 3,4 millionar kroner
    • Innlandet: 95 608 euro – ca. 956 080 kroner
    • Troms og Finnmark: 82 000 euro – ca 820 000 kroner
    • Nordland: 28 740 euro – ca. 287 400 kroner
    • Møre og Romsdal: 61 756 euro – ca. 617 560 kroner
    • Agder: 60 000 euro – ca. 600 000 kroner
    • Rogaland: 0
    • Vestland: 0
    • Vestfold og Telemark: 0
    Ungdomstenesta i Hammerfest fekk midlar igjen! Foto: Privat

        Alle prosjekt som får støtte

        Gruppeutveksling

        • Brighter Smiles - “Acting for Harmony Without Borders”: € 24 271
        • Norway Kanires Ungdom - "Youth for Democracy – Democracy for Youth”: €  55 002
        • Norway Kanires Ungdom - "SAVE THE NATURE": € 39 270
        • Grande Experience – “Discover Your Powerr”: € 85 901
        • TTB – “Digitally Oriented Nature Lovers”: € 59 655
        • Out Of the Circle – “Drama Camp”: € 58 410
        • NORWAY BARAN UNGDOM – “Digital Transformers for Social Inclusion”: € 39 040
        • RE:ACT Volda – “Into The Field - 2nd Edition”: € 27 969
        • Akademiet VGS Heltberg Bislett AS – “Civil Initiative”: € 42 200
        • Narviksenteret - “Move your mind”: € 28 740

          Opplæring for ungdomsarbeidarar

          • Out Of the Circle – “Deaf youth network for Erasmus+”: € 54 270
          • RE:ACT Volda – “The Great Outdoors 2.0”: € 33 787
          • Sport4Understanding – “Youth engagement Through Coaching” € 71 565

          Ungdomsstyrte prosjekt

          • Hammerfest kommune Ungdomstjenesten fritidsklubber – «Jentekonferansen 2023»: € 22 000
          • Norwegian Cultural Forum – «UNG Kulturytring»: € 59 600
          • Prosjekt Hverdagsglede «Kulturhistoriske turer»: € 24 500

          DiscoverEU Inclusion

          • Prosjekt Hverdagsglede – «Europeisk kunnskapsreise»: € 9 280
          • Sør Trøndelag Røde Kors – «Ungdom på interrail»: € 12 532
          • Lillehammer kommune – «Ungdomskulturhuset Plan B»: € 1 828

          Små samarbeidsprosjekt

          • FURIM INSTITUTT – “Promotion of the virtual world of “Metaverse””: € 60 000
          • Norges Musikkorps Forbund Innlandet – “Young windbands crossing borders”: € 60 000
          • KRISTIANSAND KOMMUNE – “YOUTHCOUNCILPARTICIPATIONINOPE”: € 60 000
          • Arctic Frontiers AS – “Arctic Frontiers Student Forum”: € 60 000

          Store samarbeidsprosjekt

          • PRAKSIS – “Future Futures: Reaching Out”: € 400 000
          • Prios Kompetanse AS – “E-Coach”: € 250 000
          • Stiftelsen Mangfold i arbeidslivet (MiA) – “PreventMI”: € 250 000

          Dette var altså resultatet frå den siste ordinære søknadsrunden i 2022. Det var fyste runde for DiscoverEU Inclusion, andre runde for Store Samarbeidsprosjekt og tredje runde for dei andre ordningane.

          Neste frist er 23. februar 2023 for støtteordningane Gruppeutveksling, Opplæring for ungdomsarbeidarar, Ungdomsstyrte prosjekt og DiscoverEU Inclusion.

          Neste frist for Små og store samarbeidsprosjekt er 22. mars 2023.

          Skal du søke? Ta kontakt med oss dersom du har ein prosjektidé du ønsker å få tilbakemelding på, eller treng rettleiing.