Vi deler ut 4,1 millionar i prosjektstøtte

Miljøaktivistane i «Acting for Climate» får støtte til eit samarbeidsprosjekt med ungdomsorganisasjonar i Sverige og Finland som går ut på å setje opp ei førestilling på eit skip som skal segle mellom dei nordiske og baltiske landa. Målet er å setje fokus på klimautfordringar blant unge.


Det er klart kven som får støtte gjennom dei to støtteordningane «store samarbeidsprosjekt» og «små samarbeidsprosjekt» i den siste søknadsrunden i 2021. 

Dette er to av fem støtteordningar innanfor EU-programmet Erasmus+: Aktiv Ungdom, og fristen for å søke var i starten av november. Vi fekk inn 15 søknadar frå 12 organisasjonar, og av desse er fire prosjekt (om lag 26%) innvilga. Gratulerer til dei fire!

Alle tal i kroner er omtrentlege. Støtta blir utbetalt i euro, og eksakt eurobeløp blir fastsett i kontrakten.

Til saman deler vi ut omtrent 4,1 millionar kroner til desse fire prosjekta. Det er organisasjonane Nabolagshager (Oslo), De munnfulle (Vestfold og Telemark), Acting for Climate (Vestfold og Telemark) og Intermezzo Ungdomsorganisasjon (Viken) som får støtte av oss denne gongen. Her finn du informasjon om fullt beløp og prosjektnamn, samt lista over alle organisasjonar som fekk støtte frå oss i 2021.

Vestfold og Telemark er altså det fylket som stikk av med den største summen denne gongen, på totalt 1,84 millionar kroner.

Tal for dei ulike støtteordningane

  • Små samarbeidsprosjekt: To av totalt 10 søknadar vart innvilga (20%)
  • Store samarbeidsprosjekt: To av totalt fem søknadar vart innvilga (40%)

Omtrent 1,2 millionar kroner gjekk til dei to små samarbeidsprosjekta og rundt 2,9 millionar  kroner gjekk til dei store.

Vil du søke midlar til prosjektet ditt?

Neste søknadsfrist er 23. februar 2022 kl. 12:00, for ordningane gruppeutvekslingopplæring for ungdomsarbeidarar og ungdomsstyrte prosjekt. Ordningane små samarbeidsprosjekt og store samarbeidsprosjekt har neste søknadsfrist 23. mars kl 12:00Ta kontakt med oss dersom du har ein prosjektidé du ønsker å få tilbakemelding på, eller treng rettleiing.