39 innkomne søknadar ved oktober-fristen
Årets andre søknadsfrist for støtteordningane gruppeutveksling, ungdomsstyrte prosjekt og opplæring for ungdomsarbeidarar gjekk ut i går 5. oktober. Vi har fått inn 39 søknadar frå 24 organisasjonar. Det er litt fleire enn ved førre søknadsfrist i mai i år. Søknadane kjem frå ni ulike fylke.
Søknadane fordeler seg slik:
- Gruppeutveksling: 32 søknadar
- Opplæring for ungdomsarbeidarar: 4 søknadar
- Ungdomsstyrte prosjekt: 3 søknadar
Fordeling på fylke:
- Viken: 13 søknadar
- Oslo: 7 søknadar
- Trøndelag: 6 søknadar
- Møre og Romsdal: 3 søknadar
- Innlandet: 2 søknadar
- Vestland: 2 søknadar
- Rogaland: 2 søknadar
- Nordland: 2 søknadar
- Vestfold og Telemark: 2 søknadar
Nyttig info
- Søkarane får svar på søknaden i desember
- Vil du søke midlar til store eller små samarbeidsprosjekt? Merk i kalenderen at søknadsfristen er 3. november 2021 for dei to.
- Neste søknadsfrist for desse tre støtteordningane er i slutten av februar neste år (eksakt dato er ikkje klar).
Vi takkar for alle innkomne søknadar, og gler oss til å sjå alle dei gode ideane!