6,1 millionar i støtte til prosjekt for ungdommar og ungdomsarbeidarar

Det er klart kven som har fått støtte gjennom støtteordningane «gruppeutveksling», «opplæring for ungdomsarbeidarar» og «ungdomsstyrte prosjekt» i årets andre søknadsrunde. 

Dette er tre av fem støtteordningar innanfor EU-programmet Erasmus+: Aktiv Ungdom, og fristen for å søke støtte denne gongen var i starten av oktober. For desse tre ordningane fekk vi inn 39 søknadar frå 25 organisasjonar, og av desse er 13 prosjekt (om lag 33%) innvilga.

Alle tal i kroner er omtrentlege. Støtta blir utbetalt i euro, og eksakt eurobeløp blir fastsett i kontrakten.

Denne runden deler vi ut rett i underkant av 6,1 millionar kroner til søkjarar frå sju fylke. Viken er det fylket som får den største summen på rundt 1,8 millionar kroner. Etter dei kjem Nordland med omtrent 1,08 millionar kroner.

Tal for dei ulike støtteordningane

  • Gruppeutveksling: Av 32 søknader vart 11 innvilga (34%)
  • Opplæring for ungdomsarbeidarar: Vi fekk inn 4 søknadar, og ingen av dei vart innvilga
  • Ungdomsstyrte prosjekt: Av 3 søknader vart 2 innvilga (66%)

Omtrent 5,2 millionar kroner gjekk til gruppeutvekslingar og 850 000 kroner gjekk til ungdomsstyrte prosjekt, den minste støtteordninga i Erasmus+: Aktiv Ungdom. Denne gongen kom det berre inn fire søknadar til ordninga Opplæring for ungdomsarbeidarar, og ingen av desse fekk innvilga støtte i denne søknadsrunden.

Følg med for fleire resultat på nyåret

Den endelege lista over dei som fekk støtte gjennom dei to siste støtteordningane, «store samarbeidsprosjekt» og «små samarbeidsprosjekt» er klar over nyttår, og blir publisert på nettsidene våre.

Neste søknadsfrist er 23. februar 2022 kl. 12:00. Ta kontakt med oss dersom du har ein prosjektidé du ønsker å få tilbakemelding på, eller treng rettleiing.